Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Henning Solem avgjorde

Kampreferat 1984:

Bergsøy- Skarbøvik 2-1 (0-0)



Henning Solem 2


03.06.1984



Åkernes fra Blindheim






Kampreferat

Bergsøy vann den viktige kampen mot Skarbøvik som også har slitt litt i starten av denne sesongen. Dermed er Bergsøy oppe på 5 poeng.

Den første omgangen var både tam og kjedelig i motsetning til den andre omgangen som var frisk og underhaldande. Tre scåringar etter pausen var med på å friske opp stemninga på tribunen. Og gladaste mann var nok Henning Solem som starta kampen på reservebenken, men som kom inn og putta to avgjerande mål bak SIF keeper Kjetil Flatmark.

Lasse Bjerknes på SIF skapte eindel problemer for Bergsøy med god teknikk, men heldigvis blei det ikkje mål ut av det. Bjørn Bjerknes hadde kanskje den største for SIF i den første omgangen. Debutant Lloyd Kleppe var også nær for Bergsøy, men det harde skotet blei i siste liten stoppa av eit SIF bein. Han kom forøvrig godt fra det i sin debutkamp med friskt og kjappt backspel. Henning Solem hadde vore på bana i knapt 3 minutt da han snappa opp ein ball på midtbana. I stort tempo runda han eit par SIF forsvarar og sende av gårde eit hardt og velplassert skot som fauk i mål frå 16-17 meters hald. Den andre scoringa kom etter 25 minutter ut i omgangen. han fylte eit laust tilbakespel frå ein ukonsentrert forsvarer, og sende ballen sikkert bak den utrusende keeperen.

SIF kjempa seg noko tilbake etterkvart som Bergsøy prøvde å trygge ledelsen, men dei makta kun å scåre det eine målet 5 minutter før full tid. SIF sin innbytter Roger Holand slo ein ball inn foran mål, og ein Bergsøyforsvarer var uheldig å sette ballen i eige mål.

Hos Bergsøy får Henning Solem bestemannsprisen, men også Ivan Myklebust var god.


Vedlegg til kampen

Vestlandsnytt

Vestlandsnytt




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER