Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Bergsøy infridde favorittstempelet

Kampreferat 1984:

Bergsøy - Halsnøy 2-1 (1-0)



1-0 Frode Wilhelmsen (27), 1-1 Karl Fredrik Sande (49), 2-1 Rolv Bakke


17.07.1984



Ernst Trulssen






Kampreferat

Bergsøy har no tatt 7 av dei siste 8 muilge poenga og har virkelig starta å klatre på tabellen. Frå sisteplassen har no laget kome seg opp til 5.plassen på tabellen. Kampen mot Halsnøy vart aldri noko stor kamp, men Bergsøy kjempa og tok alle poenga likevel.

Bergsøy har utvikla seg til å bli eit kontringslag, og kanskje derfor gikk Halsnøy forsiktig ut og prøvde å tette bakover. Bergsøy starta også forsiktig med 4 mann på midtbanen, der Trond Paulsen i den sentrale oppgave skulle slå lange ballar mot dei raske spissane Henning Solem og Frode Wilhelmsen. Det meste skjedde på midtbanen i den første omgangen.

I det 27.minuttet var det klart for 1-0. Henning Solem fekk vist fram sin gode teknikk da han dro seg fri fra to forsvarere og la ballen til Frode Wilhelmsen som knalla ballen i nettet. Flott mål. Dei sjansane som kom mot Bergsøy før pause rydda Jarl Remøy i buret godt opp. Bortelaget sin gode spiss Kjell Inge Hansen blei også godt innepakka av Gullik Kjelstadli.

Den andre omgangen starta tafatt av Bergsøy, og etter berre 4 minutt var stillinga 1-1. Bortelagets gode ving John Sjo slo inn fra kanten og ballen skrensa hovudet til ein Bergsøyforsvarer slik at keeper Remøy blei utspelt.Da kom Karl Fredrik Sande og satte ballen imål til 1-1. Det tok litt tid før Bergsøy klarte å samle seg igjen, men på eit godt kontringsangrep vart Kurt Magne Berge fint frispela og returen tok Rolv Bakke vare på til 2-1.

Dagens finaste angrep blei det ikkje mål på. Henning Solem dribla av 2-3 forsvararar og la ei pasning som Frode Wilhelmsen hoppa over til ein fullstendig udekka Lars Ove Almestad. Han skaut imidlertid til side for mål. Alt i alt ein rettferdig siger der bestemannsprisen går til Gullik Kjelstadli som hadde fullstendig kontroll bakover. Elles også ein fin kamp av Trond Paulsen, og Henning Solem som fekk vist kva talent han har.


Vedlegg til kampen

Vestlandsnytt

Vestlandsnytt




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER