Kampreferat
Eit Bergsøylag i stor framgang kan ta ein velfortjent sommerferie på toppen av 4.divisjonstabellen.
Onsdag kveld måtte Hessa dra fra Huldalsgrusen uten noko poeng.
Bergsøy åpn sterkt mot Hessa. Med hell kunne det ha vore både eitt og to mål før dei første fem minutta hadde passert. Tony Pettersen var heilt igjennom, men var ikkje konsentrert nok i avsluttningsaugeblinken.
Frode WIlhelmsen og Jarle Gunnarstein var også frammpå med gode sjansar, og bakers i mål var Frank Otto Frøystadvåg igjen prikkfritt. Det sto 0-0 til pause.
Bergsøy fekk meir og meir fasong over spelet utover i den andre omgangen. Mange fikse kombinasjonar i regnværet. Lynraske Frode Wilhelmsen har skapt ny fart og speleglede i angrepsrekka, og det gir rom også til medspelarane. Tony Pettersen har også vist stor fremgang på våren.
Det første målet var det rett nok Trond Paulsen som sto for. Eit skudd frå 20 meter som duppa fint nedi vinkelen. Og 2-0 ved Tony Pettersen kom idet ha blei fint spela fri av Nils Roger Paulsen.
Midtstopparduoen Ivan Myklebust og Gullik Kjellstadli er gode å ha når det røyner på, og backane Paul Kurt NErland og Rolv Bakke har spela seg godt opp utover våren. Radarparet Pettersen/Wilhelmsen på topp gjorde ein god jobb.
Vedlegg til kampen
Vestlandsnytt
Vestlandsnytt