Kampreferat
Bergsøy hadde spelt to dårlige kampar og tapt både mot Brattvåg og Ellingsøy, men kom sterkare tilbake i denne kampen mot
Sykkylven. Allereie etter to minutt var Bergsøy oppe i 1-0, og det var Frode Wilhelmsen som brukte si store fart og la inn til Tony Pettersen som la ballen sikkert i hjørnet.
Og Bergsøy hadde ein sterk start på kampen og hadde nærmast ei kanonade mot heimelagets mål i starten.
Sykkylven gav seg likevel ikkje og klarte å komme likt med sin 1-1 scåring på ei kontring. Det var Finn Aamodt som fekk god tid på seg og lobba over Bergsøykeeper Johnny Pettersen.
Men Bergsøy kom tilbake anført av Frode Wilhelmsen nok eingang. Frode ser ut til å finne haustforma, og var ein konstant trussel for heimelaget. Etter omlag halvtimen raida han på ytt på høgreside, og Kjetil Goksøyr som kom stormande bakfra fekk sette innlegget imål.
Like etter var det klart for 3-1, og på nytt var det Frode Wilhelmsen som satte innlegget, mens det denne gangen var Fred Frantzen som omsette ballen imål.
Allereie etter 3 minutters spel i den andre omgangen var kampen i realiteten avgjort, og Kjetil Goksøyr fekk sitt andre mål for dagen. Han fekk kjempetreff frå 20 meter og ballen fauk i vinkelen. Også i denne fasen dominerte Bergsøy, men mot slutten av kampen trakk Bergsøy seg noko meir tilbake.
Dette førte også til at heimelaget fekk kome litt meir inn i kampen, og et kvarter før full tid reduserte Arve Torset til 4-2.
Vedlegg til kampen
Utklipp