Kampreferat
Det blei ein sjanserik og underhaldande kamp med 6 scåringar, og det var Bergsøy som kom best igang og skapte dei fleste sjansane i starten av kampen.
Både Nils Roger Paulsen og Frode Wilhelmsen var heilt igjennom, men Volda sin keeper Bjørn Holstad kom sigrande ut av duellane. SÅ var det Volda sin tur til å prøve, og dei lykkast etter 12 minutter. Scåringa kom etter ein corner, og dette skulle vise seg å være Volda sitt farligaste våpen denne dagen.
Helge Rotevatn var det som nikka inn 0-1.
(Bildet av Vestlandsnytt. Bildet viser Nils Roger Paulsen som skyt til 2-1 ledelse til pause)
Heimelaget måtte vente til halvtimen før det første målet kom. Frode Wilhelmsen var mannen bak utligninga etter ei glimrande pasning fra Fred Frantzen.
Så like før pause var det Nils Roger Paulsen som skyt velplassert i hjørnet til 2-1.
Alle var nok sikre på at det gikk rette vegen da Kjetil Goksøyr la på til 3-1 etter 53 minutters spel etter ein møljesituasjon foran Voldamålet.
Men Volda gav ikkje opp tross at dei var to mål under, og dei kjempa om kvar ein ball. Reduseringa til 2-3 kom igjen på ein corner.Det såg ut til at Ivan Myklebust skulle redde på streken, men han var uheldig og ballen skaut i stanga og inn i eige mål.
Geir Magne Lid stakk så seinare ut i omgangen gjennom Bergsøyforsvaret og utlikna til 3-3.
Vedlegg til kampen
Utklipp