Kampreferat
Spelesmessig var det ingen stor kamp, til det var det for mange feilpasningar og upresist spel. Men likevel må en no være fornøgde med starten på sesongen iogmed at en har kapra en seier og uavgjort hittil.
Det blei på mange måter Nils Roger Paulsen sin store kamp ettersom han sto bak alle tre måla denne dagen. Han viste god evne til å være på rett plass til rett tid i avgjerande situasjonar.
Med vinden i ryggen i den første omgangen pressa Bergsøy gjestane på defansiven, og heimelaget noterte seg fleire gode sjansar. Det var imidlertid Brattvåg som klarte å scåre først idet eit langt frispark blei stussa
vidare av Brattvåg sin kaptein Thor Grønmyr og over ein feilplassert Bergsøykeeper.
(Bildet: Bilde fra Vestlandsnytt. Nils Roger Paulsen lurer Brattvåg sin keeper. )
Utlikninga kom like etter. Jarle Gunnarstein fekk godt treff på eit skudd frå 16 meter, og Nils Roger Paulsen var kjappt frammpå til 1-1. Og like etter var det klart for 2-1.
Knut Teige forserte fint gjennom forsvaret, og innlegget blei ein enkel affære for Nils Roger Paulsen å sette inn til Bergsøy ledelse. Det tok ikkje lenge etter før Nils Roger kunne notere sitt tredje, dog via ein motspelar.
Han var på farta frammover og såg sin broder Trond Paulsen stå bedre plassert foran mål, men innlegget sneia ein forsvarer og trilla inn i det opne målet.
Brattvåg skulle redusere før pause idet ein teknisk god spiss fekk ei gavepakke av ei pasning in Bergsøy sitt forsvar. Men Bergsøy burde ha fått fleire mål før pause.
Etter pause blei det ingen fleire mål sjølv om begge lag hadde gode sjansar.
Vedlegg til kampen
Vestlandsnytt
Vestlandsnytt
Vestlandsnytt
Vestlandsnytt
Vestlandsnytt
Vestlandsnytt