Kampreferat
Bergsøy vann fortjent 3-1 mot tabelljumbo Hovdebygda i årets siste heimekamp. Det spørs likevel om det er nok til opprykk. Bergsøy har like mange poeng som Vigra, men har dårligare målforskjell. Dei måla Bergsøy har dårligare enn Vigra burde dei ha retta på i denne kampen.
Med 17-0 i målforskjell på dei to siste kampane hadde publikum forventa meir i denne kampen, og lenge lurte ein på om Bergsøy skulle klare å ta alle poenga. Det sto 0-0 til pause etter ein omgang med dårlig uttelling av sjansane.
Nærmast scåring var Nils Roger Pauslsen som headda eit innlegg fra Fred Frantzen like utanfor. Tony Pettersen var også nærme då han lobba over ein utrusande keeper, men det gikk til sides for mål. Også Jarle Gunnarstein og Frode Wilhelsem kunne fått scåring før det endelig blei uttelling ut av sjansane.
Men det var faktisk Hovdebygda sin spelar som måtte til hjelp for Bergsøy. Svein Digernes var den uheldige som satte ballen i eige mål til Bergsøyledelse 1-0.
Etpar minutt seinare var Fred Frantzen frammpå etter eit innlegg fra Tony Pettersen, og dermed 2-0.
(Bildet av Vestlandsnytt. Tony Pettersen sin lobb endar utanfor)
Hovdebygda gikk rett fra avspark og reduserte til 2-1. Keeper Martin Pettersen mista ein ball omtrent på tåspissen til Leif Inge Vinjevoll, og etter dette målet var det sjansar til begge lag.
Det var ikkje før i kampens siste minutt at alt blei avgjort, da stakk Tony Pettersen sikkert igjennom og fastsatte resultatet til 3-1.
Tom Beddari spelte ein god kamp på venstrebacken.
Vedlegg til kampen
Utklipp