Kampreferat
Bergsøy kom nærmast sjokkskada frå møtet med nyopprykka Haddal på Solsida Stadion denne gangen.
Etter ein jamn første omgang der laga kunne gå til pause med kvar si scåring, vart det tidligare 2.divisjonslaget til tider rundespelt etter pausen.
Haddal gav Bergsøy ein virkelig leksjon i effektiv angrepsfotball. En fortvila Bergsøykeeper Martin Pettersen måtte plukke fire ballar ut av nettmaskene etter pausen.
Per Harald Eikrem var kampens store spelar, og i løpet av ein halvtime etter pausen gjorde han hattrick med tre scåringar. Dermed var årets første serietap eit faktum for Bergsøy.
For sjette gang av sju kampar greidde Bergsøy berre å lure en ball bak bortelagets keeper, og det mangla ikkje på sjansar denne gangen heller.
Trass i stortapet held Bergsøy fortsatt ein god tabellposisjon, med 2.plass.
Jarle Gunnarstein ordna 1-0 til Bergsøy, men tre minutt før pause var det Endre Tjervåg som headda bakover i hjørnet til 1-1.
Ei psykologisk viktig scåring for heimelaget. Og etter pause blei det som nemnt surt for bortelaget
Vedlegg til kampen
Vestlandsnytt
Vestlandsnytt
Vestlandsnytt
Vestlandsnytt