Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Kunne slått botnlaget ennå meir

Kampreferat 1985:

Bergsøy - VRF 4-0 (1-0)



Tony Pettersen 2, Ståle Voldsund, Jarle Gunnarstein


Huldalen Stadion








Kampreferat

Bergsøy burda benytta sjansen til å pynte meir på målstatistikken, for botnlaget VRF skal ikkje være nokon målestokk. Bortelaget står no med minus 27 mål, og har berre klart å scåre 5 mål hittil i sesongen. Men Bergsøy styrte iallfall kampen og hadde ingen store problem med å sikre seg alle poenga. Det var sjeldant fare på ferde framfor Jarl Remøy i Bergsøyburet.
(Bildet: Vestlandsnytt. Tony Pettersen setter inn 1-0)


Etter 10 minutt var det klart for 1-0. Tony Pettersen fekk ganske fri bane mot mål, og løfta ballen sikkert over VRF sin keeper Leif Alnes. Bergsøy hadde fleire store sjansar, men klarte ikkje å scåre fleire før pause.

Etter pausen måtte Bergsøy nøye seg med tre scåringar. Etter knappe kvarteret var det Ståle Voldsund som etter ukonsentrert forsvarsspel satte inn 2-0. Midtveis i omgangen var det Jarle Gunnarstein som headda inn 3-0 etter innlegg fra Ståle Voldsund. Det siste målet i kampen kom på straffespark etter at Ståle Voldsund blei lagt ned inne i feltet, og Tony Pettersen satte straffa sikkert imål.

Trond Paulsen var god og Kjetil Goskøyr var også god i perioder.


Vedlegg til kampen

Vestlandsnytt

Vestlandsnytt




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER