Kampreferat
Bergsøy var under pari i denne kampen, og fekk ingen god start på 4.divisjon.
Det var med nød og neppe at laget fekk med seg det eine poenget på heimebanen mot Sykkylven denne søndagen.
Det var først da det gjennsto to minutt at innbytter Kutr Woldsund sikra laget det eine poenget.
Bergsøy stiller iår eit ungt mannskap, men dette var sjeldant grått og uten sting i angrepet på eit Bergsøylag som debuterte på heimegras.
Bergsøy kom heller aldri over bortelagets tidlige leiingmål, mens Sykkylven såg ut til å finne mer roa med sin ledelse.
Det var nemlig etter ca 15 minutters spel at Sykkylven gikk opp i 1-0, der en kan seie at heimelagets keeper var noko uheldig. Eit kort utspel av Martin pettersen gikk i ein motspelar, og da han prøvde å rykke ut for å stoppe angriparen så sklei han.
Målscårer var Tore Kalstad.
Sykkylven hadde ein viss kontroll på midtbana, men Frode Wilhelmsen gjorde tidvis gode forsøk på å legge inn farlige innlegg frå kantane.
Dei gongane ballen kom inn i farlig sone var det desverre ikkje medspelarar å finne. den farligaste sjansen var det Henning Solem som fekk med eit skot som gikk like til side for mål.
Det var nok mange som hadde trua på friskare Bergsøytakter etter pause, men dette skjedde ikkje.
Vedlegg til kampen
Vestlandsnytt
Vestlandsnytt