Kampreferat
Det blei ein kjedelig kamp, og Bergsøy har ikkje fått den starten på sesongen som dei håpte på. To poeng på dei tre første kampane er ikkje å skryte av, og ein angripar som kan omsette sjansane til mål er sårt sakna.
-"Men vi heng ikkje med hovudet ennå. Vi må være tolmodige. Sjølv om det har bikka feil vei for oss er det ikkje katastrofalt ennå. Divisjonen er såpass jamn og hard at en må ha minst mogelig uflaks om en skal kunne være med i toppen."
(Trenar Kjartan Fagerlund)
Kampen blei like kjedelig og tam som 0-0 skulle tilseie, men etter eit kvarter kom det to klare Bergsøysjansar. Den andre veien var det også ei god mulighet for Roger Furnes, men keeper Martin Pettersen vann duellen.
Etter pausen skjedde det ennå mindre, men det var Rollon som var nærmast scoring da ballen traff stolpen.
Banens dominerande spelar var Rollon sin sweeper Terje Torset som spelte sikkert og rutinert. Hos Bergsøy var det ingen som særlig framheva seg.
Vedlegg til kampen
Vestlandsnytt
Vestlandsnytt
Vestlandsnytt
Vestlandsnytt