0-1 Ole Petter Aarsund (22), 1-1 Trond Paulsen (39), 2-1 Lars Ove Almestad (48),
3-1 Børge Hansen (80), 3-2 Hallbjørn Åkre (86, straffe)
05.06.1986
Trond Paulsen
Ernst Myhre
Banens beste Trond Paulsen. Ellingsøy sin beste Inge Skotte
Kampreferat
Bergsøy leverte årsbeste og vann fortjent 3-2, det blei dermed den første heimesigeren på det fjerde forsøket.
I den første omgangen viste laget god innsats, sjølv om avsluttningane ikkje sto heilt i stil. Det var derfor Ellingsøy som scora først da Ole Petter Aarsund snappa eit laust tilbakespel.
Bergsøy kom til fleire gode sjansar, og både Børge Hansen og Lars Ove Almestad var nærme scoring.
Det var banens beste Trond Paulsen som utlikna for Bergsøy. Han gikk solo gjennom forsvaret og lobba kaldt or rolig over keeper Slotsvik. Etter pausen fekk Bergsøy ein vidare pangstart på kampen
med eit nydelig mål. Trond Paulsen førte ballen oppover på høgresida, og det presise innlegget satte Lars Ove Almestad i vinkelen med pannebrasken. Ti minutt før full tid gav Børge Hansen Bergsøy ein økt ledelse, han førte opp på venstresida og avslutta med eit susande skot med venstrebeinet.
Tilslutt var det Ellingsøy som reduserte på straffespark, men Bergsøy holdt ut til seier.
Bergsøy var knapt til å kjenne igjen frå dei siste heimekampane, og heile laget jobba godt. Trond Paulsen hadde ein stor kamp.
Vedlegg til kampen
Vestlandsnytt
Vestlandsnytt