Lars Ove Almestad (18), Nils Roger Paulsen (55)
Akernes
Nick Sandanger debuterte i mål.
Kampreferat
Bergsøy har sidan sist sesong fått nye spelarar i Nick Sandanger (Gjerdsvika), samt endel spelarar frå eigen stall. I tillegg satsar Paul Kurt Nerland, Fred Frantzen og Jack Pettersen for fullt.
Avgang er Gullik Kjelstadli som har meldt overgang til Hareid. Ny trenar for året er Harald Møller, formann Mathias Pettersen, og ambisjonar er å etablere seg blandt dei 4-5 beste i serien.
Dette var den beste serieåpninga Bergsøy har prestert på fleire år, etter at laget slo erkerivalen Ørsta med 2-1.
Sesongens første tre poeng blei sikra ved hjelp av god laginnsats, og den avgjerande scoringa var det Nils Roger Paulsen som utførte ved hjelp av ei praktfull headding ti minutt ut i den andre omgangen.
Bergsøy sin taktikk var å angripe, og etter 18 minutter gav det uttelling. Lars Ove Almestad fekk æra av å scåre sesongens første mål idet han utnytta sommel i Ørstaforsvaret.
Bergsøy var det dominerande laget i omtrent heile den første omgangen. Laget viste vilje til å vinne duellane, og Ørsta kom ikkje med i spelet før mot slutten av omgangen. Da greidde bortelaget også å få balanse i regnskapet.
Eit susande frispark fra 30 meters hald suste i hjørnet bak debutanten i mål, Nick Sandanger. Fra så lang avstand hadde nok Nick venta eit innlegg istadenfor eit skot.
Sigersmålet til Bergsøy kom ti minutt etter sidebytte. Målet var som tatt ut av læreboka, og angrepet starta hos Jack Pettersen. Han la ballen til Frode Wilhelmsen som etter ei forsering på linja serverte eit delikat innlegg framfor mål. Der dukka Nils Roger Paulsen sitt lyse hovud opp og headda kontant i hjørnet. Den scoringa varma publikum.
Det hadde ikkje vore noko å seie på om sigeren hadde blitt større mot slutten. Børge Hansen headda eit forsøk i tverrleggaren, og ballen slo ned på streken. Det vart med to mål og tre poeng. Unggutane Are Blindheim og Torbjørn Leikanger gjorde ein solid innsats. Det samme kan en seie om forsvarsfireren Almestad, Nerland, Paulsen og Pettersen.
Også i midtbana kom dei frå det med æra i behald. I fremste rekke var Frode Wilhelmsen ein stadig trussel for Ørsta forsvaret. I mål hadde Nick Sandanger ein rolig debut.
Vedlegg til kampen
Vestlandsnytt
Vestlandsnytt
Vestlandsnytt
Vestlandsnytt
Vestlandsnytt
Vestlandsnytt
Tabell