Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Bergsøy med første heimetap

Kampreferat 1987:

Bergsøy - Hessa 1-2 (1-1)



0-1 Erik Fosse (18), 1-1 Trond Paulsen (42), 1-2 Michael Mansfield (57)




Carl P Carlsen






Kampreferat

Denne kampen var det Hessa som vann fortjent, og Bergsøy var heldige at stillinga sto 1-1 til pause. Heller ikkje Hessa leverte så stort spel, men nok til å vinne over eit svakt og uinspirert heimelag der det var lite som varma eit fåtallig publikum.

18 minutt ut i omgangen tok gjetane leiinga idet Bergsøy markerte for dårlig i forsvar. Erik Fosse hadde ingen problem med å plassere ballen i hjørnet da innlegget kom. Den samme Fosse hadde seinare i omgangen eit godt skuddforsøk som keeper Sandanger slo til corner.

Eit par minutt før pause var det ein Hessaspelar som handsa inne i sitt eige felt. Straffespark til Bergsøy og Trond Paulsen sette inn til 1-1. Dette skulle en tru gav Bergsøy motivasjon til å kjempe i den 2.omgangen, men det var Hessa som tok meir og meir over kampen. 12 minutt ut i den 2.omgangen kom avgjerdsla, i ein situasjon som burde blitt avblåst for offside. At Bergsøyspelarane stoppa opp gav imidlertid Michael Mansfield klar vei mot mål, og 1-2 scåring.

Hos Bergsøy var det nok ein gong Trond Paulsen som tok dei tyngste taka.


Vedlegg til kampen

Vestlandsnytt

Vestlandsnytt

Tabell

Tabell




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER