Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Bergsøy vann på straffekonk

Kampreferat 1987:

Aksla - Bergsøy 1-1 (4-5 str)



1-0 Runar Johasen (10), 1-1 Kjartan Paulsen (70)









Kampreferat

I en spennande og bra kamp mot Aksla blei sluttresultatet 1-1, og endelig lykkast også Bergsøy å vinne ei straffesparkkonkurranse. Bergsøy fekk kontroll på nervane og vann 4-5. Totalt sett var Bergsøy det beste laget, og hadde fortjent å ta med seg alle tre poenga. Effektiviteten til Bergsøylaget må likevel bli bedre.

Aksla tok ledelsen allereie etter 10 minutter ved Runar Johansen som headda inn eit frispark. Bergsøykeeper Nick Sandanger var noko passiv og kunne plukka ned frispkaret. Keeper Sandanger redda imidlertid solidt opp inntrykket idet han seinare redda straffesparket til Aksla sin kaptein Arild Godø i straffespark-konkurransa.

Bergsøy hadde eit press gjennom den første omgangen, men uten å lykkast i å sette ballen imål. Aksla hadde si beste periode i starten av 2.omgang, men Bergsøy tok meir og meir over. Etter 70 minutt var det klart for utlikning. Kjartan Paulsen slo inn foran mål, og ballen spratt over Akslakeeperen og inn til 1-1 På slutten sette Bergsøy også inn Børge Hansen og Jack Pettersen uten å lykkast.

Kenneth Pettersen og Henning SOlem årsdebuterte og var med på å heve BIL-laget. Ellers var som vanlig Trond PAulsen dominerande i forsvaret, og Tony og Kjartan Paulsen hadde også ein fin kamp. Lars-Ove Almestad og Frode Wilhelmsen sto over kampen på bakgrunn av skade.


Vedlegg til kampen

Vestlandsnytt

Vestlandsnytt

Tabell

Tabell




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER