Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












2-0 mot Ørsta

Kampreferat 1987:

Ørsta - Bergsøy 0-2 (0-1)



Trond Paulsen (20), Nils Roger Paulsen (90)



Tonny Pettersen







Kampreferat

Etter ein god bortesiger tek no Bergsøy sommerferie som eit midtlag på tabellen. Endelig klarte Bergsøy å ta med seg tre poeng fra ein bortekamp. Ei scoring i kvar omgang gjorde susen, men Bergsøy var heldige i den første omgang. Ørsta sto nemlig for det beste spelet før pause, og ei stund var det heitt rundt Bergsøykeeper Martin Pettersen som spelte sin første seriekamp for året.

1-0 til Bergsøy må nok Ørstakeeper Oddvar Takset ta på si kappe. Eit frispark frå nærmare 30 meter av Trond Paulsen kom susande, og Takset klarte ikkje å halde ballen. Takset mista den og måttte sjå at den trilla innover i buret til 0-1. Bergsøy var etterpå nærme på å øke til 2-0 etter at Torbjørn Leikanger la inn til Nils Roger Paulsen, men ballen spratt over. Ørsta hadde sine sjansar, men er uhyre ineffektive. Det er nok ein grunn til at Ørsta ligger sist på tabellen etter 12 kampar og 1 siger.

Det blei ein noko meir spennande 2.omgang med vekslande spel og store sjansar på begge sider. Det avgjerande målet kom i det aller siste speleminuttet, og etter møljespelet fastsette Nils Roger Paulsen inn 2-0. Også innbyttar Are Blindheim var nærme å å scåre mål, men hans første spark på ballen endte i tverrrleggaren.

Bergsøylaget fungerte bra i denne kampen, Lars Ove Almestad gjorde ein solid innsats på backen. Nils Roger Paulsen var å finne på midtbanen, og han gjorde meir der enn på spissplassen.


Vedlegg til kampen

Vestlandsnytt

Vestlandsnytt

Tabell

Tabell




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER