Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Berre ett poeng mot Mauseidvåg

Kampreferat 1987:

Bergsøy - Mauseidvåg 1-1 (0-0)



Nils Roger Paulsen









Kampreferat

Det var gjestane som tok initiativet i kampen fra start av, og banens beste Ronny Sunde fekk mykje rom å boltre seg på i midtbana og serverte fine pasningar. Nermast scoring var gjestane då Willy Sunde headda i tverrleggaren for nærmast ope mål. Bergsøyspelarane var i denne perioda stilleståande og mangla formasjon over spelet sitt.

Etter ein mållaus første omgang fekk Bergsøy bedre kontroll over spelet etter pausen, og pressa gjestane bakover på bana. Det var likevel mauseidvåg som tok ledelsen i kampen etter at ein av Bergsøy sine midtbanespelarar først mista ballen unødvendig i eige forsvarsfelt. Innlegget satte Ronny Sunde til side for Bergsøykeeper Steinar Djupvik frå 16 meters hold. Det skulle likevel gå knappe minuttet før det sto 1-1. Henning Solem forserte fint på høgresida og innlegget hadde Nils Roger Paulsen berre å breiside inn i målet.

Etter dei to scoringane styrte Bergsøy mykje av spelet, men blei for inneffektive i angrepet. Straffesparkkonkurransen gikk også i Bergsøy sin disfavør. Det sto 4-4 etter at dei første hadde skote, men Lars Ove Almestad sitt straffespark gikk høgt over. Lars Ove Almestad får likevel bestemannsprisen denne kampen etter en god prestasjon som sweeper. Ellers var Henning Solem god med mange fine raid. Keeper Steinar Djupvik gjorde også eit solidt inntrykk i sin første heimekamp for Bergsøy.


Vedlegg til kampen

Vestlandsnytt

Vestlandsnytt

Tabell

Tabell




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER