Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Ett surt tap

Kampreferat 1987:

Valder - Bergsøy 1-0 (0-0)



1-0 Bjørn Peter Nordstrand (51, straffe)


05.05.1987


Tony Pettersen


Ernst Myhre




Bergsøys beste Trond Paulsen, banens beste Bjørn Peter Nordstrand.
Ronny Koteng seier dette var hans einaste kamp for Bergsøy.



Kampreferat

Valder vann på straffespark, og det var eit surt og billig straffespark.

Valder spelte bra fotball før pause mens Bergsøy ikkje skapte så mykje. Den største sjansen før pausen var det Dag Erik Jønsson som fekk men som bomma i det avgjerande trekket. Det var Bjørn Peter Nordstrand som skulle spele hovedrolla idet poenga skulle avgjerast. Han skar inn i feltet og blei felt, og dommaren sa det var straffe. Bergsøyspelarane var slett ikkje einige, men det hjalp lite når Nordstrand sjølv satte ballen i mål på straffesparket.

Bergsøy var bedre etter pausen, og hadde tilogmed en ball i mål. Børge Hansen var aleine med keeper, men valgte å sentre til Nils Roger Paulsen som sto i offside.

-"Dette er et surt tap" sa Bergsøytrenar Harald Møller. Sjølv Valder sine supporterar vart overraska idet dommaren dømte straffe, blei det sagt. Situasjonen var en fair duell mellom Tony Pettersen og Bjørn Petter Nordstrand, og det er tilogmed sagt at linjemannen stadfesta etter kampen at det ikkje skulle blitt dømt straffe.

I tillegg til det sure straffesparket meinte Bergsøy også at annuleringa for offside også var svært tvilsom. Dermed var dette en vippekamp som kunne gått begge veiar, men som Bergsøy måtte bite i det sure eplet av. Nokre av Bergsøyspelarane var også under pari, samt at Frode Wilhelmsen var sårt sakna i angrepet. Trond Paulsen spelte en god kamp som sweeper.


Vedlegg til kampen

Tabellen

Tabellen

Vestlandsnytt

Vestlandsnytt




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER