Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Bergsøy hadde Volda i kne

Kampreferat 1987:

Bergsøy - Volda 1-1 (0-0, 4-5)



1-0 Jack Pettersen (84), 1-1 Vidar Egset (87)


Bergsøy Stadion



Hans J Finsæther



Ca 150 tillskuere




Kampreferat

Volda var heldige som fekk med seg to peng fra denne kampen, en kamp som det sto 0-0 fram til det gjennsto seks minutter av ordinær tid. Jack Pettersen sendte Bergsøy i føringa, mens Volda utlikna på eit straffespark tre minutter seinare. Det var Bergsøy som hadde stått for dei fleste sjansane tidligare i kampen, og hadde også to skot i stanga.

Den første omgangen var dog nokså jamnspelt, og det var Volda som fekk den første sjansen i kampen. Stig Kalvatn skaut over frå 12 meters avstand berre fire minutter ut i kampen. Jens Dankertsen hadde også ein sjanse uten at det blei uttelling. Men fra halvtimen spelt tok Bergsøy over banespelet, og i denne fasa av kampen hadde heimelaget også mange sjansar. Børge hansen snappa opp ballen frå Sivert Engeset, lobba over keeper i stanga og ut. Men Volda hadde også ein stor sjanse da Stig Kalvatn skøt på keeper, og returen som Jens Dankertsen sende mot mål blei redda på streken av ein Bergsøy forsvarer.

I den andre omgangen skjedde det lite fram til Bergsøy sende ballen i stanga etter ein corner. Så kom Harald Blindheim heilt igjennom, men fekk ballen for langt foran seg. Med ti minutt igjen var Bergsøykeeperen litt ute å kjøre, men også dette uten at Volda klarte å utnytte situasjonen. Det nærmaste Volda kom var da Jan Dankertsen kom heilt aleine gjennom og runda keeper, men Trond paulsen redda ballen på streken.

Så kom kampens første mål i det 84.speleminutt. Lars Ove Almestad la ein ball inn til jack Pettersen osm sende ballen vidare til høgre for voldakeeper Geir Dale frå 16 meters avstand. Det tek imidlertid ikkje mange minutta før ballen sprett opp i handa til ein Bergsøyforsvarar, og dommaren dømmer straffespark til Volda. Vidar Egset sette ballen sikkert i mål, og kampen endar 1-1 etter ordinær tid.

I straffesparkkonkurransa scorar Vidar Egset, Kai Slettebakk, Ove Krumsvik og Stig Kalvatn for Volda medan Bergsøy bommar på sitt tredje og scorar på sitt fjerde straffespark. Så bommer Jens Dankertsen sin straffe for Volda medan Bergsøy sitt femte går imål, og dermed er stillinga 4-4. Det blir eit og eit straffespark fram til avgjerdsla kjem. Veteranen Knut Ertesvåg scorar sikkert, medan junioren Børge hansen skyt rett på keeper Geir Dale. Best på volda var Knut Ertesvåg, og best hos Bergsøy var Trond Paulsen.

Etter denne kampen er Volda fortsatt på tabelltoppen.


Vedlegg til kampen

Vestlandsnytt

Vestlandnsytt

Tabell

Tabell




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER