Kampreferat
Det blei ikkje siger denne gangen heller på Solsida Stadion. Nok ein gang denne sesongen var det eit baklengsmål heilt mot slutten av kampen som skulle ødelegge for full uttelling. Dermed måtte Bergsøy ut i straffesparkkonkurranse, og som mot Volda vart det tap på denne.
Likevel blei det altså eit poeng, det første på bortebane denne sesongen.
Børge Hansen var det som heada inn eit frispark frå Jack Pettersen før kvarteret var gått. Denne leiinga heldt Bergsøy til det sto att 3-4 minutt av kampen. Då headda
Karsten Ulstein i mål ein corner. Bergsøy hadde så absolutt sjansane til å øke ledelsen før utlikninga kom, og blei også snytte for eit soleklart straffespark idet Tony Pettersen blei felt. Dommar Ernst Myhre var langt frå på høyden. Heile fire kort delte han ut til Bergsøy, og eitt til Haddal.
Best frå kampen var det forsvaret som kom, der Rolv Bakke og Lars Ove Almestad gjorde ein flott kamp.
Vedlegg til kampen
Vestlandsnytt
Vestlandnsytt
Tabell
Tabell