Kampreferat
Bergsøy fekk en heller svak start på haustsesongen da laget makta berre 2-2 mot botnlaget.
Det såg ut til at spelarane ikkje hadde avslutta fellesferien. Bergsøy klarte å utligne mot slutten, men var heldige tross oppskriftsmessig leiing i starten av kampen.
Trond Paulsen heada inn 1-0 etter et frispark fra venstre. Mauseidvåg tok mer og mer over, og stasjonære Bergsøyspelarar kom på etterskot.
Fem minutt før pause var det klart for utligning til 1-1, det var en unødvendig corner som John Tore Larsen sette kontant i hjørnet.
Dei fleste venta at Bergsøy ville kome langt sterkare tilbake, men det skjedde ikkje. Allereie etter 3 minutt av 2.omgang var det klart for 1-2.
Utrulig svakt forsvarsarbeid, g samme Larsen lobba elegant over BIL-keeper Martin Pettersen.
Martin blei skada i samanstøyten, og inn klar for comeback var Johs Nørvåg som var sporty å stillte opp. Johs viste at han ikkje har gløymt gamle kunster.
Bergsøy derimot virka handlingslamma inntill det var et kvarter igjen. Da fekk vi endelig sjå litt av dei kvalitetane som laget inneheld. Ved fleire høve blei det farlig foran MIL -keeperen.
Fred Frantzen ordna 2-2 etter en stikkball fra Per Arne Arvik. Det var einsidig press også etter dette, men Bergsøy klarte ikkje score.
Dette var den desidert svakaste kampen Bergsøy har prestert iår, og mistet også tabelltoppen.
Vedlegg til kampen