Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Bergsøy feia Haddal av bana

Kampreferat 1988:

Haddal - Bergsøy 0-3 (0-1)



Lars Ove Almestad (19min), Fred Frantzen (61min), Tony Pettersen (63min)




Carl P Carlsen, Herd






Kampreferat

-"Vi tapte for eit klart bedre lag, og slik kampen utvikla seg skal vi være nøgde med at vi slapp med 0-3." Sa Haddal trenar Bjørn Prytz etter kampen. Prestisjeoppgjeret på Solsida stadion blei vunne av Bergsøy. Bjørn Prytz som meinte å kjenne godt til Bergsøylaget, og la også opp taktikken deretter, måtte gi tapt. BIL-laget jobba hardt ilag med høgt press og tette markeringar gjennom 90 minutt.

Etter at Bergsøy for ei tre-fire sesonger sidan gav BREgsøy nokre ydmykande tap var det mange som snakka om at Bergsøy hadde fått Haddal kompleks. No ser det ut til å være omsnudd. Bergsøy har dei siste to sesongane hatt god kontrol på Haddal-laget, med tre sigrar og ein uavgjort. Målskilnaden 10-2 i Bil's favør. Formlaget Haddal klarte ikkje å slå Bergsøy tross at Herøy-laget mangla Nils Roger Paulsen, Rolv Bake og Martin Petteresn grunna skade. Erstattarane Per Arne Årvik, Kurt Magne Berge og Jarl Remøy gjorde alle en fin jobb. Allereie frå start var det et tydelig tent Bergsøylag som pressa Haddal høgt oppe. Haddal sine finteknikarar kom aldri til, og ved fleire høve dukka det halvsjansar opp i Haddal-feltet. Etter 20 minutt forserte Fred Frantzen på venstresida, Lars Ove Almestad møtte ballen på næraste stolpe og knalla den i nettet. Flott scåring. Like før pause blei Henning Solem skada og blei erstatta av Kenneth Pettersen.

Haddal hadde en brukbar opning av 2.omgang, før Bergsøy igjen fann stilen. Etter eit kvarter var det avgjort da Bergsøy scåra to kjappe mål. Den første etter corner som blei stussa vidare til Fred Frantzen som dundra den imål, og den andre var det Tony Pettersen som scåra på da han fek et legg tilbake fra ca 18 meter. Utover i kampen var det klasseforskjell. Etter ein slik dag er det vanskelig å trekke fram spelarar, men Tony Petteren lukkast med det meste og var nok banens beste. På Haddal var det kun Arnleif Gjerde som markerte seg.


Vedlegg til kampen




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER