Trond Paulsen 2, Are Blindheim 2, Tony Pettersen, Lars Ove Almestad & Gullik Kjelstadli
Kampreferat
Det er lenge sidan Bergsøy-publikummet har kosa seg slik som under laurdagens kamp mot Hessa.
For det første kunne Bergsøy IL innvie si nye tribunefløy, for det andre fekk dei oppleve praktfullt vårvær,
og for det tredje laga BIL ei flott oppvisning i effektiv angrepsfotball.
Bergsøy sendte Hessa heim med 0-7 tap, alle måla blei scåra i den første omgangen.
Bergsøy tok komandoen fra start av, og omlag etter 50 sekund var det klart for 1-0 til heimelaget.
Trond Paulsen kjempa til seg ballen, og frå svært skrått hald greidde han å lure ballen imål.
Dermed var det duka for en heime-offensiv vi sjeldan har sett maken til. Presist pasningsspel og løpssterke spelarar opna gjesteforsvaret totalt.
Angrepa var fint oppbygde, laget heldt breidde, og det blei mykje rom å boltre seg i.
Hessa keeperen var forøvrig sitt lags bestemann, og i tillegg til måla hadde Bergsøy ei 6-7 opplagte sjansar.
2.omgang blei et lite antiklimaks der HEssa kom mer in i spelet uten å skape særlige sjansar.
Å trekke fram enkeltspelarar er vanskelig, men Henning Solem gjorde en glimrande jobb i fremste rekkje og skapte rom til andre, sjølv om han ikkje kom på scoringslista.
Vedlegg til kampen