Kampreferat
Stranda fekk det meste til å klaffe i denne kampen, og i perioder var Bergsøy fullstendig overspelt.
Første målet kom etter 9 minutt da Geir Koppang slo et hardt innlegg på direkten like under tverrleggeren. Fem minutt etter vann Leidulf Årvik ein spurtduell med Kurt Berge, og aleine med keeper scora han sikkert.
Tempoet såg ut til å dabbe utover i omgangen, men Stranda var heile tida mest aggresive, og det vart endå ei scåring før pause da Kalle Hjelle sendte eit skrudd spesialfrispark direkte i nettet fra 20 meter.
Bergsøy som ikkje hadde ein einaste sjanse i 1.omgang kom litt sterkare i 2.omgang. Henning Solem kom inn og skapte litt i angrepsrekka, men etter kvart overtok heimelaget heilt og kune plusse på med tre nye mål.
4-0 kom ved Torgeir Aaland etter frispeling av Kalle Hjelle. 5-0 var et praktskot signert Lasse Opshaug, og samme mann ordna 6-0 etter stuss fra corner.
Bergsøys beste var nok eingong Gullik Kjelstadli.
Bergsøy er no heilt nederst på tabellen etter braktapet. Igår blei det også innkalla til et møte for å finne ut av situasjonen.
Bergsøy spelte ikkje bra denne kampen, og Stranda hadde også inne et syvende mål som ble merkelig annulert.
-"Det ser ut til at laget mangler gnist og overskot", er trenar Trond Paulsen sin kommentar.
-"Dette unnskylder likevel ikkje denne storslya. Vi har no drøfta situasjonen i felleskap, og karane er innstilt på å snu det mot Aksla".
Vedlegg til kampen
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp