Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Skodje sløste

Kampreferat 1990:

Skodje - Bergsøy 1-1 (1-0)



1-0 Frode Haukeberg (16), 1-1 Endre Tjervåg (str 77)


Skodje Stadion


Kurt Ove Longva, Nils Roger Paulsen, Nils Bertil Haukeberg


Jan Lund,




: 3; Paul Lundbø, 2; Gullik Kjellstadli, 1; Nils Bertil Haukeberg.



Kampreferat

Det er nok ikkje så rart at Skodje ligg i botnen av tabellen iogmed at dei ikkje klarer å score på opplagte målsjansar. Laget måtte spele uten fleire av sine faste spelarar mot Bergsøy, som Ørjan Haram og Bjørn Tore Arnesen (skader), og laurdag møtte dei eit tafatt Bergsøylag. For Bergsøy sin del såg det lenge ut til å gå mot eit uventa tap, men utlikniga på straffespark kom like før slutt. Nærme var også Børge Hansen på eit brassespark mot slutten.

Det var eit kjempande Herd-lag som møtte Bergsøy denne gangen. Herd spelte tett i forsvar, og sende lange ballar opp imot tre raske spissar. Allereie etter eit kvarter fekk heimelaget uttelling for taktikken, og det var Frode Haukeberg som avslutta kontringa ved å sette ballen kontant i hjørnet. Etter målet blei Herd sitt forsvar ennå tettare, og det blei lite av rom for Bergsøyspelarane å springe i. Bergsøy sine angrep blei som tidligare iår noko lite kreativt. Det var langt farligare idet heimelaget gjekk i angrep, og det var også endel personlige feil i BIL-forsvare som raskt kunne blitt straffa hardare.

Også etter sidebyttet var det Herd som var det førande laget, og idet Herd fekk straffespark ut i omgangen var det dei fleste som trudde at kampen var avgjort. Det var keeper Kurt Ove Longva som felte ein spelar, men Kurt gjorde det godt igjen da han redda straffesparket. Mot slutten av kampen satte trenar Prytz inn meir rutinerte krefter i spelarane Trond Paulsen og Tony Pettersen, og dette gav laget meir fasong. Like før slutt kom så situasjonen som førte til straffesparket til Bergsøy. Det var Lars Ove Almestad som blei lagt ned, og det var Endre Tjervåg som satte inn målet. Slik kampen utvikla seg skal Bergsøy være glade for det eine poenget laget fekk med seg.

Vidar Eikrem såg ut til å være den einaste som ønskte å vinne. Elles var Tom Beddari (comeback) tilbake som sweeper eter at Appa Prytz var ute med skade.


Vedlegg til kampen

Utklipp

Utklipp




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER