Kristian Klausen (39) og Trond Nedreklepp (85)
Bergsøy Stadion
Kristian Klausen
Erik Mørkeset,
: 3; Steinar Sandvik, 2; Kristian Klausen, 1; Gullik Kjelstadli.
Kampreferat
Bergsøy tapte 0-2 i en svak kamp mot Spjelkavik, og sa nok samtidig farvell til opprykkskampen.
Laget er no brått ni poeng bak leiarlaget Valder, og det utviklar seg til å bli ein kamp mellom Valder og Skarbøvik.
Dei to laga møtest forøvrig i den siste serierunden, i noko som kan bli ei skikkelig finale.
Bergsøy opna bra i denne kampen, og dei spelte seg fram til endel gode tilbud i starten av kampen.
Etter 13 minutt var det Tony Pettersen som blei "lagt ned" i feltet, og Bergsøy blei tildelt straffespark.
Den elles så sikre eksekutøren Endre Tjervåg måtte imidlertid konstantere at Spjelkavik sin keeper
Kolseth redda det løse skotet. Bergsøy beholdt oppe initiativet, men spelarane var ikkje dyktige nok i den avgjerande fasa.
Heimelaget Bergsøy blei nok også snytt for ytterligare eit straffespark idet Endre Tjervåg blei felt av keeper Kolseth,
og etterkvart såg det ut til at laget mista gnisten. Spjelkavik fekk kome lengre fram i bana idet BIL starta å spele puslette.
Seks minutt før pause kom kampens første mål, og det var Spjelkavik som tok føringa. Kristian Klausen scora etter utrolig sommel i BIL-forsvaret.
Ei svært lettkjøpt scoring.
Også etter pause hadde Bergsøy et lite overtak i banespelet, men skapte minimalt med sjansar mot eit hardt arbeidande og fokusert bortelag.
BIL-angrepet blei for stereotypt og lite kreativt. Etterkvart florerte feilpasningane hos heimelaget, og det var tynne saker som blei produsert.
Bergsøy sin største sjanse kom midtvegs i omgangen idet Lars Ove Almestad kom seg fri på høgreflanken. Innlegget blei desverre for upresist.
Istadenfor var det Spjelkavik som fekk punktere kampen, og Trond Nedreklepp scora det avgjærande 2-0 målet etter ei utboksing av keeper Longva.
Dette var den svakaste kampen vi har sett av heimelaget denne sesongen. Spelarane såg ut til å ha mista gnisten. Slik laget framsto så
verka det lite planmessig. Minst dårlig på laget var Vidar Eikrem og Tony Pettersen. Hos Spjelkavik likte vi best kaptein
Frode Furseth og målscorar Klausen.
Vedlegg til kampen
Utklipp
Utklipp