Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Tapte 1-0 for Spjelkavik

Kampreferat 1990:

Spjelkavik - Bergsøy 1-0 (1-0)



Ole Øyesvold (38)


Spjelkavik stadion.



Olav Rebbestad, Ørsta




: 3; Ole Øyesvold, 2; Frode Furseth, 1; Nils Roger Paulsen.



Kampreferat

Det vart 1-0 tap for Bergsøy i tysdagens toppoppgjør mot Spjelkavik, og dermed gjekk Spjelkavik heilt til topps på tabellen. Det skill no berre to poeng mellom dei seks øvste laga i den jamne divisjonen. Bergsøy kom godt igang denne kampen, og etter et kvarters spel hadde Endre Tjervåg en kjempesjanse til å gi gjestane leiinga da han blei frispelt på fem meters hald. Desverre var Endre i ubalanse, og skotet gjekk på feil side av stolpen. Etterkvart tok heimelaget meir over, og SIL sine tekniske midtbanespelarar tok til å dominere.

Heimelaget spelte seg til ei rekke med gode sjansar, men viste seg å være ineffektive. Særlig skapte dei mange cornersituasjonane store problem for eit vaklande Bergsøyforsvar. I det 38 minuttet vart det klart for 1-0. Etter tafatt og nølande spel i Bergsøyforsvaret så kunne ikkje Ole Øyesvold unngå å score da han kom heilt fri på fem meters hold. Men også Bergsøy hadde sine sjansar, og Trond Paulsen var nærme ett mål på et direkteskot frå 15-16 meters hold som Vika-keeperen såvidt greidde å avverge.

Etter pausen kom Bergsøy meir med i kampen. Nils Roger Paulsen blei flytta ned på midtbanen, og ikkje minst takka være hans arbeidskapasitet kom Bergsøy meir med i kampen. Trond Paulsen var nærme på å utligne på ei headding midtvegs i omgangen etter et fint innlegg av Kurt Magne Berge. Headdinga frå fem meters hald vart fint redda av keeper. Like etter kom Lars Ove Almestad aleine med keeper, men skotet strauk desverre på feil side av stolpen. Også heimelaget skapte sjansar, men ein halvskada BIL-keeper Kurt Ove Longva tok seg av det meste.

Spelesmessig var det ingen stor kamp, men på grunn av svært vekslande spel og mange sjansar så blei det publikumsvennlig. Bestemannsprisen på eit elles tafatt Bergsøylag går til Nils Roger Paulsen. Elles var det få som kom opp imot sitt beste. Både forsvaret og midtbana virka tafatt og uinspirert, og heller ikkje Forde Wilhelmsen fekk løpeballar å jobbe med. Dermed kom Bergsøy heller aldri rundt på kantane.


Vedlegg til kampen

Utklipp

Utklipp




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER