Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Bergsøy skutt i senk

Kampreferat 1990:

Ellingsøy - Bergsøy 4-0 (4-0)



Frank Tomassen (54,90), Inge Skotte (71), Sjølvmål (87)


Nes stadion



Njål Rønning, Valder




: Trond Paulsen, Lars Ove Almestad, Børge Hansen, Vidar Eikrem, Kenneth Pettersen : 3; Alf Røren, 2; Frank Tomassen, 1; Vidar Eikrem.



Kampreferat

Bergsøy sitt skadeskuttelag gjekk i fysisk oppløsning mot slutten av kampen mot Ellingsøy. Frode Wilhelsem og Nils Roger Paulsen spelte ikkje på grunn av skade, og i løpet av kampen måtte halvskadde spillere gå av banen. At Bergsøy avslutta kampen med åtte mann sier det meste. Det har vi aldri opplevd før, og her var det ikkje røde kort som var årsaken.

-"Idag kunne vi like godt ha sendt draktene.". (Bergsøytrener Bjørn Prytz sitt sukk på slutten av kampen)

Likevel holdt de bleike gjestene nullen i godt og vel ein omgang. Ellingsøy kan også godt glemme den første omgangen, den var slurvete og svak sjølv om det var heimelaget som hadde mulighetene til å score. Bergsøy hadde berre ein god sjanse gjennom heile kampen. Etter pausen dundret Frank Tomassen inn to flotte mål, og la opp til sjølvmålet, mens Inge Skotte vann ein luftduell med keeper og headdet inn et mål. Banens klare ener var EIL kapteinen Alf Røren på stopperplass.

Annen omtale av kampen.

Det var et snev av parodi da Bergsøy tapte 4-0 for Ellingsøy. Skadeskotne BIL avslutta med 7 mann på bana. Det var eit litt tragikomisk skjer over fredagens kamp, og etterkvart som Bergsøyspelarane fekk for mange harde trøkkar mot seg så blei det stadig færre mann på bana. Bjørn Prytz sa han har vore med i gamet i mange år, men at han aldri hadde opplevd maken. No blir det en jobb med å lappe saman karane og kome sterkare tilbake mot Ørsta i neste kamp.

Allereie frå start av var det noko bleikt og tamt over Bergsøy, og det var tydelig at dei mange halvskada spelarane hadde problem med å yte maksimalt. I tur og orden måtte Trond Paulsen, Lars Ove Almestad, Børge Hansen, Vidar Eikrem og Kenneth Pettersen forlate bana med skader, og heimelaget tok naturlig nok meir tak i kampen.


Vedlegg til kampen

Utklipp

Utklipp




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER