Kampreferat
Langevåg vann ein fortjent siger mot Bergsøy, men resultatet blei kanskje litt vel mykje til fordel for Langevåg. I heile den første omgangen så var Bergsøy fullt på høgde og hadde gode muligheter til å ta ledelsen heilt i starten. Henning i stolpen og Lars Ove Almestad var aleine foran mål ganske tidlig.
Det føltes dermed litt urettferdig når Langevåg tek ledelsen til pause på eit straffespark som fleire meinte var feil tildelt. Børge hansen sklei og fekk ballen ut for sidelinjen, men dommaren meinte annaleis.
Men så skjer det noko tidlig i den andre omgangen som skal påvirke kampen mykje. Trond Paulsen stopper ein angripar 25 meter frå mål og får rødt kort, og frisparket treffer opp i vinkelen til 2-0.
Derifrå blei det tøfft for Bergsøy. Siste kvarteret fekk Bjørnar Bendal og Frode Myhol innhopp for å prøve seg.
Vedlegg til kampen
Utklipp