Kampreferat
Denne kampen mot botnlaget Guard blei rekna som ein skjebnekamp Bergsøy bare måtte vinne.
Det hjalp derfor lite at fleire av spelarane var skadeutsatt, samt at Trond Paulsen som er svært viktig i forsvaret er suspandert.
Guard er heilt sist på tabellen, men tapte berre knepent 0-1 for opprykksfavoritt Ørsta i sist kamp.
Nervøsiteten prega Bergsøy lenge i starten, og den første omgangen var ganske jamn men med et lite overtak til heimelaget.
Det einaste målet i kmapen kom midtveis i den andre omgangen då Geir Sandnes trakla seg gjennom på venstresida og slo inn til Lars Ove Almestad som på bakerste stolpe kunne tuppe ballen inn til 1-0.
Bergsøys bestemann var uten tvil venstreback Børge Hansen som viste fram både teknikken og den gode kontrollen defansivt i denne kampen. Elles stoppa Vidar Eikrem godt det som kom hans vei som markeringsstopper. På midtbana var igjen Endre Tjervåg nyttig som ballvinnar og guttespelaren Arild Kvalsund greidde seg godt som spiss. Her har Bergsøy eit stortalent som en vil ha mykje glede av.
Bergsøy klatra opp til 8.plass med denne sigeren og har no Stordal, Ørskog, Ellingsøy og Guard bak seg på tabellen. Det er fortsatt uvisst kor mange lag som rykker ned.
Vedlegg til kampen
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp
Utklipp