Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Sjansesløseri de luxe

Kampreferat 1994:

Bergsøy - Herd 1-1 (0-0)



Vegard Fiksdal




Bossen Finsæter






Kampreferat

Dei reiv seg i håret i fortviling, Bergsøy-spelarane, da dommaren bles av for fulltid i torsdagens heimekamp mot Herd som utrulig nok endte uavgjort. Og vi forstår så godt laget sin frustrasjon i en kamp som dei dominerte fullstendig frå start til slutt. Aldri før har vel Bergsøy-publikumet opplevd maken til sjansesløseri som denne kvelden. BIL-spelarane med Geir Sandnes og Vegard Fiksdal i spissen brukte trege Herd-forsvarere som rundingsbøyer og rundspelte til tider ålesundarane. Utrulig nok klarte Bergsøy berre å score en gang på sine 20-talls 100% sjansar. Bergsøyspelarane sprang gjestane i senk, og til tider var det reine kanonaden mot Herd-målet. Derimot sora Herd på sin einaste sjanse i kampen då veteranen Jan Krogen utlikna til 1-1 like før slutt etter at Bergsøy-forsvaret alt for lett blei utspelt på høgresida.

Slik kan altså fotball være, men det er dette som er så facinerande med spelet. Bergsøy bør gløyme kampen så raskt som råd, og heller konsentrere seg om å jobbe hardt vidare. Sjølv om det var stang ut, så viste Bergsøy til tider sprudlande spel med godt kombinasjonsspel der ålesundarane blei gjort til statistar. Det å skape over 20 100%-sjanser er i seg sjølv overbevisande, og med litt mer is i magen så vil scoringane kome. Det var mange situasjonar der spelarane med fordel kunne brukt ei skotfinte for å få keeperen ut av balanse. Det blei mange skot i håp på det beste.
(Bildet; Endelig scåring!. Vegard Fiksdal gir Bergsøy 1-0)

Først et kvarter før full tid fekk laget endelig hol på byllen, og det var kapteinen Vegard Fiksdal som fekk æra av å score målet. Han møtte et fint framspel frå Lars Ove Almestad og sette ballen beherska til side for keeper og inn i målet. Akkurat då hørde vi et lettelsens sukk frå neglebitande BIL-patriotar. Endelig kom scoringa som skulle sikre Bergsøy 3 poeng. Derfor vart det knystande stillt då Herd 7 minutter før full tid var frekke nok til å utligne på sin einaste sjanse i kampen, og røva med seg et poeng tilbake til Ålesund. Herd fortjener imidlertid ros for å aldri gi opp.

Ser en bort ifrå sjansesløsinga, så leverte Bergsøy en god kamp. Det meste var bra heilt til det siste trekket. Sjølv om avsluttningane etterkvart fekk et tragikomisk preg over seg, så klarte guttane likevel å halde oppe moralen. Det burde imidlertid vore vist en litt større agressivitet inne i målfeltet. Forsvaret til Bergsøy hadde full kontroll heile kampen, med unntak av baklengsmålet. Ronny Pål Kvalsvik leverte nok en god kamp som høgre back, og var konstruktiv frammover. Lengre framme spelte til tider Geir Sandnes og Vegard Fiksdal glitrande, og dei to lettbeinte teknikarane brukte Herd-forsvaret som rundingsbøyer. Bere synd det ikkje gav større uttelling.

Laget;
Roger Wollan , Lasse Myrhol , Nils Roger Paulsen , Ronny Pål Kvalsvik , Rune Frantsen , Vegard Fiksdal , Endre Tjervåg , Tobben Leikanger , Lars Ove Almestad , Geir Sandnes , Arild Kvalsund .
Innbytte; Kristian Berge og Arild Heggedus kom inn.



Vedlegg til kampen

Utklipp




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER