Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Miserabel forestilling

Kampreferat 1994:

Bergsøy - Ellingsøy 1-2 (1-0)



Lasse Myrhol (str)









Kampreferat

Bergsøy har kome skeivt ut i årets serie etter at laget tapte sist serierunde med 1-2 mot et svært middelmådig Ellingsøylag. Dermed står Bergsøy med berre en siger og tre tap på sine fire første kampar, og står planta med begge beina i botnstriden. Dersom ikkje spelarane tek seg sammen så kan sesongen raskt handle om å overleve i divisjonen.

Kva er så grunnen til at Bergsøy er i feil ende av tabellen? Årsakene er nok fleire, men slik laget fremstår så er prestasjonsnivået for ustabilt. Periodevis går laget i oppløysing. Når halve laget "parkerer" samtidig så må det berre gå gale. Spelarane må starte å slost i samtlige 90 minutter om en skal starte å ta poeng. Bergsøy dominerte rett nok stor i første delen av kampen mot Ellingsøy. Heile 5 til 6 100% sjansar blei spolerte, og frustrasjonen breidde seg i laget. Bergsøy greidde likevel å gå til pause med 1-0, for i det siste speleminuttet av omgangen blei Vegard Fiksdal felt inne i straffefeltet. Lasse Myrhol satte straffesparket i mål via stolpen. En fortjent leielse som burde vore etpar mål større.

Etter sidebyttet forventa vi at BIL-presset skulle fortsette, men desverre såg det ut til at BIL-spelarane var ferdige med kampen. Ellingsøy tok fullstendig kommando. Tafatte Bergsøy-spelarar blei pressa over på defansiven. Bergsøy klarte likevel å hindre baklengs heilt til kaptein Stian Skogen måtte forlate bana 15 minutter før full tid på grunn av skade. Trenar Tor Meinseth valgte å sette inn Endre Tjervåg som midtstoppar, og dette viste seg å være et uheldig trekk. I løpet av fem minutt punkterte bortelaget kampen med to kjappe mål, derav det siste var et realt sjølvmål av Endre. Tydeligvis ikkje hans dag. Kun Stian Skogen og keeper Ronny Reite kan få godkjent i denne kampen, en kamp Bergsøy med normal innsats burde vunnet.

Det kan sjå ut som at trenar Tor Meinseth ikkje har funnet den rette balansen i laget. Defansivt blir det for usikkert. Vi savnar også meir kreativitet og "smartness" i angrepsfasen. Publikum har sålangt i sesongen knapt sett tegn til veggspel.

Laget; Ronny Reite , Frode Myrhol , Stian Skogen Tobben Leikanger , Lasse Myrhol , Nils Roger Paulsen , Vegard Fiksdal , Geir Sandnes , Lars Ove Almestad , Kristian Berge , Endre Tjervåg .
Innbytte; Arild Kvalsund for Kristian Berge, Flisa for Stian Skogen.



Vedlegg til kampen




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER