Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Frank Skorpen sin dag

Kampreferat 1998:

Bergsøy - Skodje 3-2 (2-2)



Frank Skorpen (15,20), Lasse Myrhol (90 straffe)


03.07.1998 - Bergsøy Stadion


Christoffer Nilsen


T.E.Hansen






Kampreferat

Bergsøy Stadion var glatt og regntung med en del overvatn, og dette skapte mange farlige situasjonar foran måla i denne kampen. Skodje sin spelestil var raske lange framspel til to spissar som jobba hardt, og dette virka til tider meir effektivt enn Bergsøy sitt småspel. Allereie etter 6 minutter fekk Frode Vadset springe gjennom Bergsøy sitt forsvar og sette inn 1-0 til gjestane til sides for keeper Lars Ivar Moldskred.

Allereie frå første spark virka det som dette skulle bli Frank Skorpen sin dag, der han viste fram agresivt spel med gode pasningar og fine plasseringar i feltet. Utlikninga kom etter pasning fra Christoffer Nilsen der Frank Sverre nærmast brassesparka ballen over ein overraska Torgrim Langeleite i Skodjemålet. Og om denne scåringa var fin så var 2-1 scåringe meir spektakulær. Innlegget frå Tommy Ingebrigtsen blei dempa av Frank Sverre med hovudet feilvendt, snudde seg og nikka den dalande ballen over keeper og i mål. Nok en strålande prestasjon.

Frode Vadset skulle bli kampens andre tomålsscårer etter 27 minutt, og da blei Lars Ivar Moldskred lurt av den glatte bana. Han kom ut i stor fart, men ballen stussa forbi og vadset kunne enkelt sette ballen inn i det tomme buret. Ved dette høvet i likhet med Bergsøy sitt første baklengsmål var det fleire spelarar som var altfor opptatt med å rope på offside istadenfor å følge løpa - og frå tribuneplass virka begge måla å være korrekt dømt.

Etter pausen tok Bergsøy meir over, og Arild Kvalsund jobba godt og kom ganske nærme nettkjenning. Skodje hadde sine forsøk dei også, og Lars Ivar i målet fekk vist kva han er god for. Spessielt ved ein frisparksituasjon som Moldskred slo til corner var det klasse over. Det heile såg ut til å gå mot uavgjort, men like før dommaren skulle til å blåse gikk Frank Sverre Skorpen på eit løp i 16 meteren og blei felt. Lasse Myrhol gikk fram for å ta straffesparket og sette ballen sikkert imål. Dommaren blåste omtrent av kampen idet Skodje tok avsparket etterpå.

Tiltross for ei uheldig utrusning og nokre skumle utspel spelte Lars Ivar Moldskred ein god kamp. Erlend Eide Vike og Vegard Sævik var kontante i midtforsvaret, mens Rune Frantsen sleit som vanlig på midtbanen. Det var Frank Sverre Skorpen som var kampens store spelar med to mål og eit straffespark, men Arild Kvalsund låg ikkje langt etter med si fart og mange gode forseringar.



Vedlegg til kampen

Utklipp

Utklipp




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER