Kampreferat
Det blei ein viktig siger for Bergsøy etter to tap, og dermed tok laget seg eit lite steg vekk ifrå bunnstriden.
Bergsøy treng alle dei poenga dei kan få frammover, og det merkast også at stallen er noko tynn no som skulane har starta på nytt.
Karl Bjarte Vike, Tommy Ingebrigtsen og Vegard Sævik er også bortreist i millitærtjeneste, og no reiser lasse Myrhol til Bergen for å studere.
Hareid er det desiderte botnlaget, og Bergsøy måtte såleis vinne denne kampen. Hareid la seg bakpå og det blei lite bakrom å arbeide i for Bergsøyspelarane. Hareid rydda for det meste greitt opp det som kom av angrep, men like før pause kom det nokre muligheter.
Arild Kvalsund headda eit innlegg fra Christoffer Nilsen ned i feltet det Karl Bjarte Vike kom på eit fint løp, og han dunka ballen i vinkelen. Ei nydelig scåring og 1-0 til Bergsøy like før pausen.
Det skjedde lite før pausen, men faktisk ennå mindre etter pausen. Oddmund Vågsholm hadde nokre muligheter uten å lykkast. Hareid var nærme utlikning da midtstoppar Lasse Myrhol sklei, men Lars Ivar Moldskred er ikkje lett å møte mann mot mann.
I det siste speleminutt blei kampen avgjort idet Nils Roger Paulsen satte inn 2-0. Angrepet var eit Oddmund Vågsholm frispark som Frank Sverre Skorpen headda mot mål, og Nils Roger var kjappt framme på ein retur og scåra frå kort hald.
Til tross for at Lasse sklei idet som blei Hareid sin einaste sjanse, så dominerte han bra i den uvante rolla som midtstoppar.
Han var klart banens beste spelar.
Vedlegg til kampen
Utklipp
Utklipp