Kampreferat
Det var vanskelige forhold i Huldalen med overflatevatn, periodevis vindkast og striregn denne gangen.
Langevåg åpna kampen med vinden i ryggen og hadde eit visst overtak i starten, men Bergsøy klarte å handtere det som kom. Det var også Bergsøy som fekk det første målet, og det lukta litt Drillo av det.
Eit framspel frå eigen 16.meter blei stussa vidare frå Arild Kvalsund til Oddmund Vågsholm som satte ballen kontrolert til sides for Langevåg sin keeper Jon Arne Vestre.
Frank Sverre Skorpen hadde tre forsøk på å øke ledelsen før pause, men satte forsøka endten over eller utanfor, mens Nils Roger Paulsen også hadde to forsøk som endte uten nettelling.
Langevåg kom nærmast idet Flemming Dyrkorn hadde eit forsøk.
Etter pausen var Arild Kvalsund uheldig at han ikkje økte ledelsen ved eit kanonskudd i krysset. Då var det istaden duka for utlikning av Langevåg etter 55.minutter idet Flemming Dyrkorn satte inn ballen fra 10 meter.
Arild Kvalsund burde gitt Bergsøy ledelsen utover i omgangen, men det var Frank Sverre Skorpen som etter 76 minutter gav Bergsøy 2-1 på eit tuppeskudd etter ein heilhjerta innsats. Like før slutt i det 88.speleminuttet blei kampen avgjort idet Rune Frantsen dunka ballen imål frå skrått hold. Langevåg fekk eit trøstemål på overtid av Marvin Fylling.
Lars Ivar Moldskred hadde ein god kamp, mens Lasse Myrhol igjen var kongen i forsvaret. Ein som imponerte mykje var også Nils Roger Paulsen på sin sentrale midtbaneposisjon. Nils Roger har trent lite, men har kanskje aldri vore så god før.
Bergsøy beste var likevel kaptein Rune Frantsen.
Bergsøylaget:
Lars Ivar Moldskred
Lars Ove Almestad
Christoffer Nilsen
Nils Roger Paulsen
Jon Robert Moen
Erlend Eide Vike
Rune Frantsen
Lasse Myrhol
Arild Kvalsund
Oddmund Vågsholm
Frank Sverre Skorpen
Innbyttere:
Remi Helleset
Roy Igesund
Vedlegg til kampen
Utklipp
Utklipp