Lasse Myrhol (Str10), Roy Igesund (40), Arild Kvalsund (71,80)
04.09.1998 - Bergsøy Stadion
Hans J Finsæther
Spelarpoeng: 3: Arild Kvalsund, 2: Erlend Eide Vike, 1: Nils Roger Paulsen
Kampreferat
Brattvåg hadde spelt 12 kampar på rad utan tap før dei møtte Bergsøy til denne kampen, og var naturlig nok favoritter.
Bergsøy skulle imidlertid sette ein kraftig stopper for den rekka, og tallet 13 var tydelig eit ulykkestall. Heimelaget var effektive foran mål og alt etter 10 minutt var det klart for ledelse til Bergsøy.
Roy Igesund blei klart felt bakfrå i feltet og Lasse Myrhol satte straffesparket kontant i mål. Keeperen i det eine hjørnet og ballen i det andre.
Etter 40 minutter var Roy Igesund igjen frammpå. Han finta bort eit par spelarar på Brattvåg før han plasserte ballen utagbart i hjørnet. Brattvåg hang godt med spelemessig, men var tannlause foran kassa. Det nærmaste dei kom vareit skot over.
Etter pausen skjedde det lite dei første 25 minutta. Brattvåg hadde eit visst grep om spelet, men bortsett frå ei headding av Tor Henry Blø like utanfor var det ikkje mykje å spore.
Bergsøy sin gode keeper Lars Ivar Moldskred blei dermed ikkje satt på dei store prøvene.
Arild Kvalsund i den andre enden av bana var derimot ein konstant trussel for Brattvåg.
Etter 26 minutt ut i omgangen fekk han endelig uttelling. Nils Roger Paulsen la inn frå sida og frå 12 meter sette Arild ballen utagbart med bannebrasken.
10 minutt før full tid gjorde han dagens prestasjon da han stakk ifra midtstreken, finta vekk begge midtstopperane og satte ballen under keeper. Det var ei klassescoring.
På stillinga 4-0 var det lite futt igjen i Brattvåg, og heimelaget kunne økt ledelsen meir. Nærmast var Lasse Myrhol som hadde ein susar frå 20 meter som strauk like over krysset.
Vedlegg til kampen
Utklipp