Kampreferat
Bergsøy vann ein fortjent siger etter ei flott ramme i årets første heimekamp under Amcar-arrangement denne maidagen.
Med det sagt så kunne VRF tatt ledelsen tidlig, og faktisk scåra eitt til tidlig i kampen. Berre tverrleggaren hindra borteledelsen tidlig. Men Remi Helleseth blei dagens mann med si avgjerande scåring etter eit innlegg fra Oddmund Vågsholm. Remi sklei ballen imål etter returen fra VRF sin keeper.
Det var ingen stor underhaldning i banespelet, til det var det for mange feilpasningar og for lite presisjon. Men sigeren var likevel til stor glede iogmed at bortelaget VRF av mange har blitt utpeika til å være en av opprykksfavorittane. Bergsøy var på fullt høgde heile kampen, iallfall til heilt på slutten idet VRf tok litt over i jakt etter utligninga.
Banens beste spelar var Rune Frantsen som midtveis i den første omgangen skaut eit frispark like over mål. Lasse Myrhol hadde også ei avsluttning, men hadde ikkje heilt dagen. Det store uromomentet offansivt var Remi Helleseth som gjorde fleire gode rykk på si venstre side.
Det blei fleire sjansar etter pausen, og det starta nesten med eit sjølvmål for Bergsøy. I den andre enden hadde Arild Kvalsund ei vakker demping og avsluttning, men den endte ikkje imål. Remi Helleseth kunne også ha auka ledelsen da han kom aleine igjennom, men bomma totalt idet han skulle skyte.
Mot slutten hadde Bergsøy nok å tenke på defansivt. Keeper Trond Bøe hadde fleire redningar, og ingen kunne klaga på om resultatet blei 2-2. Heimesiger 1-0 smakte imidlertid godt for Bergsøy.
Bergsøylaget:
Trond Bøe
Remi Helseth
Vegard Sævik
Karl Bjarte Vike
Jon RObert Moen
Erlend Eide VIke
Rune Frantsen
Lasse Myrhol
Eivind Sæter
Oddmund Vågsholm
Arild Kvalsund
Innbyttere:
Frank SKorpen, Tommy Ingebrigtsen
Vedlegg til kampen
Utklipp
Utklipp