Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Stortap mot Spjelkavik

Kampreferat 1998:

Spjelkavik - Bergsøy 6-1



1-0 Yngve Steffensen (6), 2-0 Rolf Marius Stuen Wiik (12), 3-0 selvmål (26), 4-0 Tor Hogne Aaroy (30), 5-0 Jan Ove Lange(41), 6-0 Vebjørn Solevåg (76), 6-1 Oddmund Vågsholm (81)


12.09.1998 - Spjelkavik Stadion


Tor Hogne Aarøy og Espen Roth


Svein Ivar Aarskog



40 tillskuere




Kampreferat

Det snur seg fort i fotball. Sist helg sprudla Bergsøy da dei slo Brattvåg med 4-0, men denne gangen blei laget statistar mot eit Spjelkaviklag som var effektive.

-"Med eit så ungt mannskap må vi rekne med variasjonar i prestasjonane. Denne dagen gikk det meste imot. Vi kom skeivt ut heilt frå start og greidde aldri å reise oss igjen", sa trenar Per Rune Tødenes.

Bergsøy blei ståande med hua i handa og var for lite aggressive. Det florerte i tillegg med personlege feil. Allereie etter 6 minutt var den første balen imål da eit frispark blei slått bak eit tafatt forsvar ogYngve Steffensen stakk igjennom og scora. Seks minutt seinare var det klart for 2-0 da eit langt frispark blei slått inn i feltet og ein forsvarar stussa inn i eige mål. 3-0 kom på eit langt innkast som tilslutt blei fomla inn i av Bergsøykeeper Moldskred.

4-0 kom som følge av ei feilpasning av Bergsøy som Tor Hogne Aarøy snappa opp og enkelt sette imål. 5-0 kom da ein Bergsøyspelar sklei i ufarlig posisjon, og Jan Ove Lange lobba inn 5-0 til pause.

Etter pausen kom Bergsøy bedre med, og eit kvarter før slutt var det klart for 6-0 da Lars Ivar Moldskred mista eit overlegg i beina til Vegard Solevåg som rulla ballen inn i tomt bur. Bergsøy sitt trøystemål kom 10 minutt før full tid da Oddmund Vågsholm lurte ballen inn ved nærmaste hjørne.



Vedlegg til kampen

Utklipp




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER