0-1 Morten Moldskred (10), 1-1 Arild Kvalsund (30), 1-2 Roger Johansen (73)
19.09.1998 - Bergsøy Stadion
Oddmund Vågsholm, Erlend Eide Vike
Lars Ove Sletta
Lasse Myrhol (Etter 15 minutt spelt)
Spelarpoeng: 3: Vegard Sævik, 2: Vagn Scheide Mork (Hødd), 1: Frank Sverre Skorpen
Kampreferat
75 minutt med en mann mindre vart tilslutt for mykje for Bergsøy som etter 15 minutt fekk Lasse Myrhol utvist.
Han fekk det raude kortet da han som sistemann felte Per Bernt Aske, og da var stillinga allereie 1-0 til bortelaget.
Bergsøy slo tilbake, og det var ikkje ufortjent da Arild Kvalsund satte inn 1-1 etter halvtimen. Desverre blei Arild Kvalsund skada i samme situasjon, og Bergsøy mista sitt farligaste angrepsvåpen.
Likevel kjørte Bergsøy over Hødd2 i første halvdelen av den andre omgangen, og berre godt keeperspel av Vagn Scheide Mork holdt gjestane inne i kampen.
Bergsøy fekk også straffespark, og dermed ein god mulighet til å bikke kampen i sin favør, men Mork redda både skuddet og returen frå Oddmund Vågsholm.
Noko seinare headda Frank Sverre Skorpen Kopperstad i krysset, og Remi Helleseth hadde to headdingar like over.
Mot slutten kom Hødd sterkare. Etter halvtimen var det Hødd sin tur frå straffemarket, men Lars Ivar Moldskred i Bergsøymålet reidda mesterlig skotet frå Jørn Lindseth. Like etter redda Erlend Eide Vike på streken.
Tilslutt kom det avgjerande målet då Roger johansen dundra ballen i krysset på eit frispark frå 18 mater. Bergsøy kjempa tappert etter utvisninga, og hadde fortjent eit poeng.
Vedlegg til kampen
Utklipp