Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Enkel Bergsøysiger

Kampreferat 1998:

Åram - Bergsøy 1-4 (0-1)



Rune Frantsen (10), Lars Ove Almestad (47), Oddmund Vågsholm (73), Frank Sverre Skorpen (80)


26.09.1998 - Eidsåvoll


Erlend Eide Vike


Hans J Finsæther




Spelarpoeng: 3: Oddmund Vågsholm, 2: Frank Sverre Skorpen, 1: Oddvin Kragset



Kampreferat

Bergsøy tok ein fortjent siger i lokaloppgjøret mot Åram og passerte dei på tabellen. Bergsøy var det beste laget gjennom heile kampen og kunne raskt scora fleire mål

Heimelaget var utrulig tafatte frammover på bana og det var lite som viste at dette var samme laget som berre ei veke tidligare hadde scora sju mål mot tabelljumbo Hareid. Kampen hadde vore spelt i 10 minutt da banens bestemann Oddmund Vågsholm fekk gå igjennom Åram sitt forsvar og fekk corner. Oddmund tok corneren presist og traff pannebrasken til Rune Frantsen som stanga den imål. Bergsøy kunne raskt ha scora fleire mål før pause, men det blei med det eine.

To minutt ut i den andre omgangen var Lars Ove Almestad ein duell med Åram sin keeper Edvard Inge Rekdal og satte ballen sikkert i nettet. Kampen blei avgjort da Oddmund Vågsholm fekk stå umarkert og headde inn eit innlegg fra høgre til 3-0. Det fjerde og siste målet til Bergsøy var som ein tro kopi av denne scoringa, med unntak av at det var Frank Sverre Skorpen som satte inn målet. Det siste målet i kampen var det Kristian Moldskred som sørga for etter 83 minutter, frå kort hald blei det ei trøstescoring.



Vedlegg til kampen

Utklipp




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER