Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Tap i jamnspelt kamp

Kampreferat 1998:

Ørsta - Bergsøy 2-0 (0-0)



Dag Roar Ørsal (55, 92 str)


08.05.1998



Terje Holvik






Kampreferat

Bergsøy var i dei fleste perioder jamnspelande mot Ørsta, og kunne med litt meir flaks ha fått med seg poeng denne kampen. Ørsta har imponert hittil i sesongen med 5-0 mot Langevåg og 6-0 over Hareid, men mot Bergsøy måtte topplaget slite for poenga.

Heimelaget hadde mest av ballen i den første omgangen, men skapte ikkje dei store sjansane. Det nærmaste blei ei headding i stolpen. Hos Bergsøy var det Remi Helleseth som hadde den største sjansen, men skotet small i tverrleggaren. Publikum måtte vente til det hadde passert ti minutter av den andre omgangen før det første målet kom. Dag Roar Ørsal satte inn 1-0 etter eit fint angrep der Bergsøyspelarane blei ståande å rope på offside.

Etter skuffelsen av Ørstamålet tok Bergsøy meir tak i kampen. Største sjansen til å utlikne kom ved Karl Bjarte Vike som blei fint frispelt, men skotet endte i nokre Ørstabein. Og i jakta på utlikning så kom avgjerdsla den andre vegen to minutt på overtid. Geir Olav Lystad blei felt, og straffesparket satte Dag Roar Ørsal i mål. Også dette målet meinte Bergsøy var noko tvilsomt. Fleire meinte også den burde blitt avblåst for offside.

Per Rune Tødenes var fornøgd etter kampen, og gav honnør til karane for godt gjennomført kamp.



Vedlegg til kampen

Utklipp

Utklipp




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER