1-0 Flemming Dyrkorn (1), Oddmund Vågsholm (67)
22.05.1998 - Langevåg Stadion
Frank Sverre Skorpen
Ivar Hermann Børseth
Spelarpoeng: 3: Lars Ivar Moldskred, 2: Rune Frantsen, 1: Hans Jørgen Brandal
Kampreferat
Langevåg starta kampen veldig friskt og burde kanskje avgjort kampen allereie i løpet av dei første 10 minutta. Lars Ivar Moldskred i Bergsøyburet hadde nok å henge fingrane i i kampens tidlige fase.
Det var spelt berre 40 sekunder idet Svein Arne Sunde spelte fram Geir Harald Eikrem som vippet ballen vidare til målscorer Flemming Dyrkorn, og da trudde nok mange at det kunne bli ein målfest på lik linje med sist Langevåg spelte kamp.
Sunde hadde deriblant eit skudd i tverrleggaren, og Glenn Sagdahl burde ha klart å overlista keeper Moldskred fra tre meters avstand for å øke ledelsen.
Bergsøy var ikkje heilt på høgde i den første omgangen, men spiss Arild Kvalsund burde ha utligna på en av sine to sjansar aleine med heimekeeper pål Finsæther. Det blei likevel 1-0 til pause, litt for få mål i forhold til spel og sjansar.
Den andre omgangen blei friskare idet Bergsøy kom meir med i kampen, og Oddmund Vågsholm var eit frisk pust idet han blei satt inn som spiss. Det var også han som ordna for 1-1 målet idet han var på rett plass til rett tid etter eit Lasse Myrhol skudd som keeper slo i stanga.
rett før utligninga var også Karl Bjarte Vike berre ei lang tå fra å sette inn eit mål. Tilslutt kan en dermed seie at uavgjort var eit greit resultat.
Vedlegg til kampen
Utklipp
Utklipp