0-1 Magnus Nordstrand (23), 0-2 Magnus Nordstrand (56), 1-2 Preben Hestad (62)
09.06.2000 - Bergsøy Stadion
Nils Roger Paulsen, Frank Skorpen
Atle Moldskred
Kampreferat
Bergsøy slit tungt og ligg no i nedrykksposisjon kun over nedrykksfavoritten Sunnylven. Slik Bergsøy framstår no er ikkje laget godt nok for 3.divisjon.
laget slit med tynn stall og ein saknar profilar som tek tak. Sjølv dei enklaste pasningane går til motspelarar.
I løpet av dei åtte første kampane har Bergsøy berre scora 10 mål, som er minst av alle laga i divisjonen. Samtidig har dei sluppet inn 26 mål som er mest av alle lag.
Bergsøy var spelesmessig på høgde med Ålesund sitt andrelag i store delar av kampen, men gjestane var mest kreative og giftige i angrepsfasen. Lennart Garnes kunne raskt ført Bergsøy opp i ledelsen, men på Beergsøy sin einaste kvalifiserte sjansen i den første omgangen fekk keeperen redde til corner.
Halvveis i omgangen glei Bjørn Helge Riise gjennom og var nærme på å sette bortelaget i ledelsen. Ledelsen skulle dei likevel få etter 23 minutt da ein Bergsøyspelar slo ei klarering inn i eige felt. Ålesund sin midtbanespelar Magnus Nordstrand fekk ballen på sølvfat og satte den imål frå 16 meters hald.
10 minutt ut i den andre omgangen var det klart for 2-0, og igjen var det Nordstrand som var mannen til å sette ballen forbi Frank Haralsdsvik i Bergsøymålet.
Preben Hestad reduserte på ei nydelig scoring like etter. Ballen kom til Preben etter ei klarering frå corner og han møtte ballen med strak vrist. Det blei eit kjempetreff. Og like etterpå ropte alle etter straffe da Preben blei lagt ned i Ålesund sitt straffefelt.
Også Frank Sverre Skorpen meinte han blei dytta i feltet like etter, men dommer Moldskred blåste ikkje.
Hos Bergsøy er det kun Preben Hestad og Frank Sverre Skorpen som får godkjent karakter. Begge Bergsøy sine gule kort i kampen kom som følge av munnbruk.
Vedlegg til kampen
Utklipp