Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Bergsøy var sjanselause mot Ørsta

Kampreferat 2001:

Ørsta - Bergsøy 4-0 (1-0)



1-0 Pål Arne Aam (28), 2-0 Kjetil Kolås (62), 3-0 Atle Driveklepp (65), 4-0 Kolås (88)


19.06.2001, Ørsta Stadion



Frank Hansen, Godøy



113 Tillskuere




Kampreferat

Store delar av første omgang i kampen mellom Ørsta og Bergsøy var keisame. Laga spela nokså jamt, men skapte nesten ingenting. Det første som kunne minne om ein sjanse kom etter fjorten minutt. Bergsøy kom i angrep og slo inn i feltet. Torstein Woldsund si klarering enda opp i eit skot mot ørstaburet, som Knut Egil Aarseth måtte redde til corner. Corneren vart det ingenting av.
-"Vi skal kome sterkare tilbake. Vår viktigaste oppgave er å gløyme denne kampen raskast mulig, og heller bygge oss opp til neste kamp."

(Jørn Magnussen)
Ørsta sin første sjanse kom ikkje før etter 22 minutt spel. Pål Arne Aam fekk avslutta på eit innlegg frå høgre, men keeper redda. Seks minutt etter gjekk heimelaget opp i leiinga. Etter litt klabb og babb inne i Bergsøy sin sekstenmeter fekk Pål Arne lobba ballen over keeper og i mål.
Bergsøy kom til to målsjansar det siste kvarteret av omgangen. Ein elles arbeidsledig Knut Egil i ørstamålet måtte vise kva han er god for, og redda begge forsøka meisterleg. Eittmålsleiinga stod seg difor omgangen ut.

Det var eit heilt anna Ørstalag som entra bana etter pause. Pasningane gjekk hurtig og presist kvittrøyene i mellom. Bergsøy vart etter kvart statistar. Sytten minutt ut i omgangen stakk Kjetil Kolås gjennom borteforsvaret og skåra eit fint mål. Ballen var så vidt sett i spel att då Ørsta auka til 3-0. Heimelaget rulla ballen frå spelar til spelar, heilt ut til Atle Driveklepp på venstrekanten. Han feila ikkje, og sette ballen i nota. I det 70. minutt kom Kolås farleg gjennom på eitt av sine mange løp, men skotet gjekk over.

Enda meir fart skulle det bli utover. Anders Liadal vart teken av bana, og inn kom ein frisk og opplagd Sindre Winjevoll. Han serverte pasningar som ingen har sett før i år på Ørsta Stadion. Lange og presise gjennombrotspasningar som skapte store problem i Bergsøy sine bakre rekkjer. Han greip dermed sjansen når han endeleg fekk tillit, og det skal vel mykje til om han ikkje startar i neste kamp. Kvarteret før slutt kunne Winjevoll også ha auka leiinga, men ballen kom overraskande på og gjekk like utanfor frå kort avstand. Sju minutt før slutt fekk heimelaget annullert ei skåring. Winjevoll la fint ned ballen til Pål Arne Aam, som skåra. Men, assistentdommaren var raskt oppe med flagget for offside. To minutt før slutt fastsette Kjetil Kolås sluttresultatet til 4-0 for heimelaget då han snappa opp ballen og sette han enkelt i mål.



Vedlegg til kampen

Utklipp

Vestlandsnytt




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER