Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Slo tilbake etter rekordtapet sist

Kampreferat 2001:

Bergsøy - Åram 3-0



1-0 Karl Bjarte Vike (44), 2-0 Frank Sverre Skorpen (54), 3-0 Geir Sandnes (84)


14.08.2001


Petter Brandal (ÅVK)


Per Ola Utgård






Kampreferat

Bergsøy måtte slå tilbake etter sjokktapet i sist runde mot Langevåg, og med fleire av dei sentrale spelarane tilbake i laget så gikk det straks bedre denne gangen. Åram/Vankam kjempa tappert, men eit sprudlande Bergsøylag viste ser tidvis fram frå si beste side.

Åram starta forsåvidt kampen friskt, men bergsøykeeper Aleksander Goksøyr reidda det som kom. Det skulle gå halve den første omgangen før det blei registrert ein god Bergsøysjanse, men keeper Krokvik redda skotet til Jarl Åge Vågsholm. Dagens prestasjon var det aleksander Goksøyr som hadde i det 41.speleminuttet, da han strakk seg og reidda eit skot som alle såg i mål.

Den første omgangen avslutta på godt vis for Bergsøy, da Karl Bjarte Vike blei spelt frå på kanten av 16 meteren og sende av gårde eit overraskande skot. Det blei eit lurt skruskot som lurte seg inn ved nærmaste stolpe, til irritasjon for ein noko feilplassert keeper.

Etter pausen tok Bergsøy over kampen, og Karl Bjarte Vike og Geir Sandnes styrte mykje på midtbana og fora spissane Roy Igesund og Frank Sverre Skorpen. Dei var denne omgangen meir bevegelige enn i den første omgangen. Det var Roy Igesund som etterkvart skulle finne sin spissmakker Frank Sverre med eit innlegg, og Frank headda ballen nydelig i mål til 2-0. Etter dette var det berre eit lag på bana, og Geir Sandnes gjorde 3-0 på eit nydelig mål. Han dempa ballen på brøstet, vende, og skaut frå 18 meter.

Bortsett frå nokre frispark var det lite Åram varta opp med etter pausen, dermed blei det ein velfortjent siger til Bergsøy.


Vedlegg til kampen

Utklipp

Vestlandsnytt




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER