Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Straffetap mot Hareid

Kampreferat 2001:

Hareid - Bergsøy 1-0



1-0 Remi Helleseth (80)


18.08.2001


Karl Bjarte Vike


Oddbjørn Hatlehol




Hareids beste Remi Helleseth, Bergsøys beste Geir Sandnes.



Kampreferat

Den tidligare Bergsøyspissen Remi Helleseth scora ikkje mange mål for Bergsøy, men dukka opp 10 minutt før full tid for å avgjere lokalkampen mot Bergsøy. Det var klabb og babb i feltet, og Remi dukka opp på bakerste stolpe for å sette inn det avgjerande målet bak Bergsøy sin fjerde spiss for sesongen - Martin Løseth. Løseth er for tida tredjekeeper i Hødd bak Lars Ivar Moldskred og Vagn Skeide Mork - og utleig til Bergsøy.

Første omgangen var ganske jamn, og Bergsøy skapte flest sjansar. Desverre klarte dei ikkje å omsette sjansane, men det var eigentlig ein ganske sjansefattig kamp. Den aller største sjansen fekk Frank Sverre Skorpen da han blei spelt fri av Christoffer Nilsen, men han sklei idet han skulle sette inn ballen frå ti meters hald.

Etter pausen dominerte Bergsøy og Roy Igesund hadde ein kjempesjanse på ei headding som såvidt gikk utanfor stolpen. Både Frank Skorpen og Geir Sandnes hadde også sine sjansar. Men det siste kvarteret blei Bergsøyspelarane meir slitne, og Hareid kom inn i kampen. Martin Løseth gjorde ei god redning etter forsøk fra Bjørge Worren, men så kom altså scoringa til Remi Helleseth ti minutt før full tid.

Hareid kunne økt ledelsen like før slutt på ei uforståelig straffe som ingen andre enn dommar Hatlehol forsto noko av, men Kenneth Moldskred bomma frå 11 meter.


Vedlegg til kampen

Utklipp

Vestlandsnytt




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER