Frank Sverre K Skorpen (26,65,76), 4-0 Sjølvmål
21.08.2001
Torbjørn Krøvel
Frank Sverre Skorpen banens bestemann
Kampreferat
Hovdebygda leverte ein av sine dårlegaste kampar for året då dei tapte 4-0 mot Bergsøy tysdag. Det var nesten utruleg
at heimelaget ikkje skåra meir enn eitt mål i første omgang. Målet kom etter 26 minutt og det var sjølvsagt Frank Sverre Skorpen som skåra. Han heada ballen i mål,
etter eit godt innlegg frå Per Ståle Nykrem. Etter kvilen Kampen fortsette på same viset også i andre omgang.
I det 65. minutt heada Skorpen inn sitt andre for dagen på ein comer. Elleve minutt seinare skaut Geir Sandnes
frå langt hald. Hovdebygda sin bestemann, Finn Børre Holen i mål, greidde ikkje å halde ballen og Skorpen kunne putte
sitt tredje for dagen og sekstande for sesongen.
4-0 kom etter eit sjølvmål i det 85. minutt. Bergsøy kunne skåra langt fleire mål, men resultatet stod seg kampen ut. Hovdebygda hadde
ein sjanse i denne kampen, men headinga frå Cato Ryste gjekk ikkje inn. Hovdebygda ser nokså fortapte ut på nestsiste plass.
Vedlegg til kampen
Utklipp
Vestlandsnytt