1-0 Terje Flam (29), 1-1 Frank Skorpen (49 straffe), 1-2 Geir Sandnes (64)
25.08.2001
Kjell Alme
Geir Sandnes banens beste spiller
Kampreferat
Bergsøy tok ein ny sterk siger etter å ha slått Stranda med 2-1 på bortebane. Laget klartra no heilt opp på 4.plass på tabellen, og plassen i divisjonen er snart allereie sikra.
-"Det er veldig bra. Vi er inne i ein god stim igjen, og spelet ser ut til å site. "
(Bergsøys trener Jørn Magnussen)
Bergsøy tok sin niande siger for sesongen, og hadde lagt opp til ein aggresiv taktikk. Stranda blei tvungne bakover på bana, men likevel var det Stranda som fekk ha ledelsen til pause.
Ein pasningsfeil hos Bergsøy gjorde at Terje Flåm fekk vippe ballen elegant over Bergsøykeeper Martin Løset og i vinkelen. Bergsøy var gode, spessielt på høgresida med Jarl Åge Vågsholm, men det stemte ikkje i avsluttningane.
Etter pausen tok Bergsøy ennå meir tak i kampen, og idet Roy Igesund blei hekta på vei igjennom var det klart for straffespark etter 49 minutter.
Frank Sverre Skorpen satte straffesparket i mål sjølv om keeper var nære på å redde.
Det tok ikkje så lenge før den avgjerande scoringa kom, og det etter eit flott angrep. Ballen gikk innom fleire spelarar, og banens bestemann Geir Sandnes avslutta angrepet med scoring. Sjølv heimepublikumet klappa for scoringa.
Stranda var nærme dei også, blant anna eit skot i tverrleggaren, men det var Bergsøy som tok alle poenga.
Vedlegg til kampen
Utklipp
Vestlandsnytt