0-1 Asle Myrold (1), 0-2 Asle Myreold (7), 1-2 Per Ståle Nykrem (22), 1-3 Asle Myrold (40),
1-4 Ole Christian Fet (59), 1-5 Asle Myrold (70)
31.08.2001
Arve Leine, Christoffer Nilsen, Geir Sandnes
Ståle Eikrem
Kampreferat
Ørsta opna kampen sterkt og leda 2-0 allereie etter 7 minutt. Etter 1 minutt hadde Kjetil Kolås eit dårlig skudd som enda til corner. 2 minutt brukte Asle Myrold på å lage sitt mål nummer 23 denne sesongen. Målet kom etter eit innlegg fra Kjell Frode Ervik, Myrold dempa ballen og sette ballen kontrollert til side for Bergsøy keeperen.
Etter 7 minutt la Myrold på til 2-0 etter eit forarbeid av Inge Lade.
Då Ørsta gjekk opp til 2-0 slappa dei litt av og slepte Bergsøy inn i kampen. Før Bergsøy reduserte til 2-1, hadde både Myrold og Liadal sjansar til å auke ledelsen. Bergsøy sitt mål kom på ei kontring der Ørsta forsvaret meinte at spelaren som skåra var i offside, men linjedommar Lars Johan Hammer meinte noke anna. Etter 43 minutt auka Myrold til 3-1, etter fint forarbeid av Ervik.
Ørsta hadde bra kontroll dei første 15 minutta. Etter det slapp dei Bergsøy meir og meir inn i kampen. Enkelte såg ut som om dei hadde problemer med underlaget, Atle Driveklepp såg ut som han spelte utan sko delar av første omgang :)
I 2. omgang hadde Ørsta full kontroll. I det 52 minutt måtte Inge Lade takke for seg, på grunn av eit overtrakk. Som erstattar kom Sindre Winjevoll inn, som også gjorde det godt som indreløpar. Etter 60 minutt kom dagens mål. Ein corner vart ekspedert på heil volley i mål av Ole Chr. Fet. I situasjonen som førte til corner hadde Fet ei avslutning som vart redda på streken. 5-1 kom etter eit innlegg frå Anders Liadal, som Myrold heada kontant i mål på bakerste stolpe. Bortsett frå dette hadde både Myrold og Kjetil Kolås sjansar til å auke ledelsen. På slutten av omgangen hadde Bergsøy 2 avslutningar som vart redda på streken.
Anders Liadal klarte også å takle på seg sitt 3. gule kort, og må dermed stå over neste kamp mot Ha/No komande mandag. I dag var det jamt over god innsats over heile laget, men eit pluss til 4 målskårar Asle Myrold og Anders Liadal på midtbana.
Ørsta brukte i dag alle reservane sine uten at det svekka laget noko.
Gledelig var det å sjå Arve Halkjelsvik tilbake i godt gammalt slag. Det ser også ut til at super supporter Bjarte M. og privat sjåfør Leif Nybø har framme hovudforma i likheita med resten av Ørsta laget.
Vedlegg til kampen
Utklipp
Vestlandsnytt