1-0 Ove Gilleshammer (27), 1-1 Frank Skorpen (29), 2-1 Stein Holsvik (41), 3-1 Raymond Karlsen (53), 4-1 Kenneth Nydal (57),
5-1 Tore Eikrem (67), 6-1 Tore Eikrem (75), 6-2 Roy Igesund (83)
04.09.2001
Geir Sandnes
Sindre Eikrem
Kampreferat
Det vart ein feiande frisk og god kamp frå Volda si side mot Bergsøy på kunstgraset tirsdag kveld.
Alt frå start eigde gutane kampen, og med unntak av eit kvarter midt i første omgang styrte dei det heile med raske og presise angrep. Det stoppa med seks mål, men kunne fort blitt tosifra med større utteljing på sjansane, for vi noterte voldaspelarar aleine med keeper 5-6 gongar utanom scoringane.
1-0 kom då Ove Gilleshammer pressa gjesteforsvaret til feil før han snappa ballen og runda keeper.
Bergsøy reduserte på ei fin heading av Frank Sverre Skorpen, før Stein Holsvik fastsette pauseresultatet til 2-1 på ei heading etter corner.
Andre omgang starta med eit formidabelt stormløp mot Bergsøymålet, og etter 12 minutt stod det 4-1 trass i enda fleire feite sjansar.
3-1 sette Raymond Karlsen i lengste hjørne og 4-1 kom på ei Kenneth Nydal heading. Dagens mål sto Tore Eikrem for på 5-1 då han sette eit frispark i krysset frå 20 meter. Same Eikrem var forøvrig giftig presis i det meste han foretok seg, ikkje minst på dødballar. Han fekk også æra av å setje inn 6-1 målet etter godt forarbeid av Knut Arve Nærø.
Bergsøy fekk eit mål i sluttminutta, med Volda var det beste laget med solide prestasjonar.
Fra Bergsøy sin synsvinkel;
Kampen starta jamnt, men med Volda som det førande laget på et uvannt dekke.
Idet Frank Sverre Skorpen scåra sitt mål på ei fin hedding følte vi at det no kunne gå vår vei å bli et bra resultat.
Istadenfor skifta spelet etter pause til å bli et mareritt for bortelaget.
Roy fekk en ball igjennom og ordna et trøstemål.
Men det viste seg tydelig at Voldaspelarane fekk mykje sjølvtillit i den andre omgangen, og det blei tidvis labert press på bortebane denne gangen.
Vedlegg til kampen
Utklipp
Vestlandsnytt